top of page
DSC00023.jpg

Skatt og avgifter

Fellesskapet er viktig og vi skal alle bidra inn  på den måten vi kan. I næringslivet reguleres dette gjennom skatter og avgifter til staten. Her gjeld det å holde styr på talla slik at du ikkje betalar for lite - men heller ikkje meir enn du skal.

Skatt, meirverdi og avgifter

Ulike skattar og avgifter skal beregnes ut i frå bedrifta og betalast inn til ulike tider gjennom året. Det er fleire faktorar som påvirker kva du skal betale og kva du skal ha tilbakebetalt. 

​

Skatt

Både tilsette og bedrifter betalar per definisjon inntektsskatt, men for dei fyrstnemnde vert det kalla inntektsskatt, medan skatt for bedrifter vert kalla selskapsskatt. Selskapsskatten er på 22 prosent i 2023 og 2024.

 

Privatpersonar betalar meir skatt jo høgare inntekt dei har. Dette vert kalla progressiv skatt, medan selskapsskatten har ein fast sats. Det tyder at uansett kor stor omsetning bedrifta har, så er skattesatsen den same. For selskap blir kronebeløpet større, men delen av overskotet som går til skatt, er den same.

​

MVA

Mva-registrerte føretak legg mva på salga/fakturaene sine, og får frådrag for mva dei betalar når dei gjer innkjøp til bedrifta si.På  denne måten er mva verken ein inntekt eller ei utgift for eit føretak. Mva som vert krevd inn på salg, blir jevnleg vidareført til staten (ved innlevering av mva-meldingar) – med frådrag for mva dei har betalt på kjøp/utgifter dei har hatt i bedrifta.

​

Hovudregelen er at du skal registrere deg i mva-registeret når du har selt varer og/eller tenester for meir enn 50 000 kr dei siste 365 dagane. Når du har gjort det, er du momspliktig, også kalla mva-pliktig. Dette betyr altså at:

Du skal krevje inn mva på vegne av staten. Du får frådrag for mva på dine kjøp/utgifter.

​

Arbeidsgiveravgift

Arbeidsgivaravgift er ein avgift arbeidsgivarar betaler til staten. Dei fleste bedrifter betalar 14,1 prosent av utbetalt lønn (og verdi av andre fordelar) i arbeidsgivaravgift. Bedrifter som held til utanfor større byar betalar etter ein lågare sats.

​

Staten nyttar arbeidsgivaravgifta til å finansiere mellom anna sjukepengar, pensjon og arbeidsledigheitstrygd til landets innbyggjarar. Avgifta er ein kostnad som bedrifta får skattefrådrag for.

​

Feriepengegrunnlag

Som arbeidsgivar har du plikt til å rekne ut og setje av feriepengar av lønna du utbetalte til dei tilsette dine. Kor mykje feriepengar ein tilsett har opptent kallast feriepengegrunnlaget og vert rekna ut frå lønna opptent året før ferien skal takast ut, også kalla opptjeningsåret. Ferie er i utgangspunktet fritid utan lønn, og formalet med feriepengar er at dei skal erstatte manglande lønn når arbeidstakaren er borte på grunn av ferie.

 

Feriepengegrunnlaget utgjer 10,2 % av lønna til arbeidstakarar som har lovbestemt krav på ferie i fire veker pluss éin dag, der satsen aukar til 12,5 % for arbeidstakarar over 60 år sidan dei har krav på ein ekstra ferieveke.

​

Ta kontakt med oss om du har spørsmål rundt skatt og avgifter.

Venterom

Telefon

+47 70 15 14 10

E-post

Følg oss

  • Facebook
  • Twitter
  • LinkedIn
  • Instagram
bottom of page