
In-house
Aakre Rekneskap tilbyr tenesta som din in-house rekneskapsførar, tilgjengeleg for å føre rekneskapet direkte ute hos kunden. Vi går ut over berre å bokføre tal – vi vert ein integrert del av di verksemd. Gjennom tett samarbeid og dialog sparrer vi med deg rundt rekneskap, bilag og bokføring - og er i tillegg til stades i di daglege drift.
Ved å vere til stades hos deg som kunde får vi innsikt i di drift og forstår dine behov på eit djupare nivå. Dette gjer oss i stand til å rettleie deg betre innanfor våre kompetanseområde og tilby skreddarsydde løysingar som passar akkurat din verksemd.
Vi startar alltid med ein prat for å oppdatere oss på kva som har skjedd sidan sist, gå gjennom dagens agenda og hjelpe deg med å handtere utfordringar som ligg utanfor din kompetanse. Dette gjev deg fridom til å fokusere på di kjerneverksemd, vel vitande om at rekneskapet blir teke hand om på ein profesjonell måte.
Vår rolle som din in-house rekneskapsførar fungerer òg som ei tryggingsfunksjon. Vi sørgjer for at alt rekneskapsarbeid blir gjort korrekt og i samsvar med gjeldande reglar og forskrifter. Med Aakre Rekneskap som din in-house rekneskapsførar, kan du trygt erstatte behovet for intern rekneskapsavdeling og fokusere på å drive di verksemd vidare mot suksess.
Fører rekneskap
Gjennom tett samarbeid og dialog sparrer vi med deg rundt rekneskap, bilag og bokføring - og er i tillegg til stades i di daglege drift.
Kontroller
Me forstår at rekneskapsarbeidet ikkje berre handlar om tal og bilagsføring. Det handlar om å være tilgjengeleg når du treng oss mest.
Kompetanseøkning
Vi besitter betydeleg kompetanse innanfor ei rekke ulike områder relatert til oppstart og drift av selskap.
Sparringspartnar
Me er meir enn berre tal-knusarar; me er dine rådgjevarar, dine støttespelarar og dine vener i bransjen.
Tryggheitsfunksjon
Vi er alltid på plass når noko uventa skjer, og vi er dedikerte til å sikre at verksemda di får den støtta ho treng - når ho treng det.
Kostnadsbesparing
Å leie in-house tenester kan erstatte ansatt kompetanse som vil gje betydelege besparingar og auka effektivitet.
Våre In-House tenester
Visste du at
Bedrifter som velger In-House tenester hos oss opplever auka effektivitet og større sikkerhet ved økonomiske avgjerdsler? Å ha ein rekneskapsførar til stades gjev deg tillit når daglege valg skal takast - og dei er det mange av.