top of page
DSC06780.jpg

Klar Ferdig Gå

Vi veit at suksessen til ein gründer ikkje berre avhenger av ideen deira, men også av deira evne til å få tilgang til ressursar og støtte. Derfor tilbyr vi skreddersydde løysingar som hjelper gründarar med å navigere gjennom utfordringane og realisere sitt fulle potensiale.

Med Åkre Rekneskap ved di side kan du føle deg tryggare når du tar dei store spranga som trengst for å lukkast som gründer.

 

Les meir om våre tenester under:

Gründerhjelp

Den lille hjelperen

Har du en god idé?

Mange har ein god idé dei ønskjer å sette ut i livet, men dei mangler kunnskap om framgangsmåten. Vi kan hjelpe deg med valg av firmatype - personlig eller aksjeselskap, og vere med på stiftinga. 

Søknadsstøtte

Vi har i dag fleire grupper som har starta med ein «God ide» og dei går skritt for skritt i utviklinga av denne ideen. Innovasjon Noreg kan også vere behjelpelig med penger og starthjelp, men det er eit stort apparat å koble dei inn som krev kjennskap til systemet. 

Kurs og kompetanse

Vi er behjelpelig med kompetanseauke både i forhold til oppstart og drift så vel som økonomi, marknadsføring og nettverk. Mykje av denne kompetansen har vi i eiga portefølje - i tillegg til eksterne samarbeidspartnarar som både underviser og inspirerer.

Nettverk og co-work

Å sitte aleine kan ha sine fordeler. Samstundes viser det seg at i dei aller fleste sammenhenger opplever folk auka synergi, kreativitet og inspirasjon i samarbeid eller i nærheit til andre i ein arbeidssituasjon. Og så er det veldig kjekt å kunne skravle litt innimellom.

Kast deg ut i det ukjende

Å være gründer er som å stå på kanten av ei klippe og kaste seg ut i det ukjende. Det er ei spennande, men utfordrande reise fylt med usikkerheit og risiko. Det krever mot, lidenskap og uthald til å ta ideen sin og gjere ho til virkeligheit. Frå å navigere gjennom juridiske krav og finansielle utfordringar til å bygge eit sterkt nettverk og lære seg å handtere uforutsette hendingar, er gründerlivet ein stadig vekstprosess.

Gründer

“Et år fra nå vil du kanskje ønske du hadde startet i dag.”

– Karen Lamb –

bottom of page